Skei omsorgssenter søker etter
Sunnfjord kommune Skei omsorgssenter
6843 Skei i Jølster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar. Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass.
Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi har årsturnus, med langvakter kvar 4. helg, for dei som ynskjer dette
Vi har følgande stillingar ledige:
- 100 % fast stilling, sjukepleiar
- 100 % fast stilling, vernepleiar /sjukepleiar
- 100% vikariat som sjukepleiar i perioda 01.05.2025 - 30.04.2026
- 100 % fast stilling som helsefagarbeidar
- 80 % fast stilling som helsefagarbeidar
Vi har ledig helgestillingar på 14 – 30 % for assistentar/studentar. Du kan velge mellom å jobbe 7.5 eller 12,5 timers vakter.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. I helgestillingar er det ikkje krav om autorisasjon, men du må ha interesse eller erfaring innan fagfeltet.
- gyldig politiattest
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Vi søker deg som:
- er fleksibel og likar utfordringar
- er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er ny-tenkjande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordninga
- ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefag stillingar i institusjon
- moglegheit for alternativ turnus med langvakter
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2862552
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3464845_191723_nn