Vassmiljørådgjevar (Vassområdekoordinator) for Otra vassområde
Bygland Kommune, f.t Drift- og naturforvaltning
sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Vassmiljørådgjevar ( Vassområdekoordinator ) for Otra vassområde
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vatn er ein av dei viktigaste naturressursane våre, og betyr mykje for folkehelse, næringsutvikling, busetjingsmønster, reiseliv, friluftsliv og naturmangfald. Me søkjer deg som er miljø - og samfunnsengasjert og interessert i å arbeide for godt vassmiljø frå fjell til kyst.
Stillinga vil f.t vere knytt til eininga Drift og Naturforvalting der du vil vere ein del av eit fagmiljø innan fiskeforvalting, jordbruk, skog - og utmark, næringsutvikling og vass - og avlaupsdrift m m.
Stillinga er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Agder fylkeskommune og alle 7 kommunane i Otra vassområde ( Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Vennesla og Kristiansand ).
Arbeidsoppgåver
Stillinga skal koordinere vassforvaltningsarbeidet i Otra vassområde og vere vassfagleg ressurs for både sektormynde, kommunane og brukarinteresser knytt til vassområde. Stillinga skal bidrage til at fastsette miljømål for vassførekomstane i vassområdet blir oppnådd i samsvar med vassføresegna, vedteken forvaltningsplan og tiltaksprogram. Meir konkret nemner me:
- Koordinerings - og prosessansvarleg for å sikre heilskapleg vassforvaltning
- Bidrage til at vassdragsverdiar og godt vassmiljø blir ivaretekne og evt retta opp igjen
- Bidrage til ivaretaking av vassmiljø og overvatnbehandling i plan - og byggesaker.
- Vere pådrivar for gjennomføring av planlagde tiltak i vassområdet
- Leggje til rette for god medverknad for lokale brukarinteresser ( fiske, friluftsliv, næring m v )
- Samordne prosessar mellom vassområde og vassregion
- Take del i revisjon av forvaltningsplan, tiltaks - og overvakingsprogram.
- Utvikle og følgje opp aktuelle fellesprosjekt i vassområde.
- Deltake i aktuelle nettverksforum lokalt, regionalt og nasjonalt
Kvalifikasjonar
Du har høgare utdanning på master - eller bachelornivå relatert til vassøkologi / limnologi, miljøforvaltning, naturforvaltning eller andre relaterte fagområde .
- Det er ein føremon med relevant yrkeserfaring innan fagområda og kjennskap til klima - og miljøfag og VA - teknikk.
- Det er ein føremon med kjennskap til offentlig forvaltning og politiske prosessar.
- Det er ein føremon med erfaring med prosjekt - og prosessarbeid, kommunikasjon
- Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Erfaring med bruk av ulike dataprogram og dataverktøy, samt å kunne arbeide i Excel.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, resultatorientert og strukturert
- Fagleg engasjert og initiativrik
- Du har lett for å sjå utviklingsmoglegheiter og har gjennomføringsevne.
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Søkjar må ha førarkort kl B og disponere eigen bil
Vi tilbyr
- Varierande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø og gode kontorfasilitetar.
- Gode forsikrings - og pensjonsordningar
- Kommunale lønns - og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
- Frå brutto regulativlønn vert det trekt 2 % medlemskap til KLP
- Bedriftsavtale med Sørlandsparken Tverrfagleg helse
- Evt hjelp til å skaffe eigna bustad.
Kontaktinformasjon
Kjell Øyvind Berg, Tenesteleiar Drift og forvaltning, 37934756Arbeidssted
sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland KommuneReferansenr.:4511592604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.06.2022
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Nettsted
bygland.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2012104
- Sist endret
14. juni 2022
- Hentet fra
talentech
- Referanse
505a6d7a168746c388de3c0149015bda