Fleire ledige engasjement i avdeling for inkludering og mangfald
Avdeling for inkludering og mangfald er ansvarleg for å busette og kvalifisere flyktningar i kommunen. Tenesta arbeider for å styrke flyktningane sine mogelegheiter til å bli sjølvstendige og aktive deltakarar i samfunnet .
I samband med at vi har fått, og vil få mange nye innbyggarar frå Ukraina, treng vi fleire tilsette til undervisning, programgjeving og miljøarbeid. Vi ser særleg etter deg som kan starte raskt. Stillingane er i hovudsak engasjement. Overgang til fast stilling kan verte aktuelt.
Arbeidsoppgåver kan vere
- Å kartlegge, rettleie og samarbeide med deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Målretta samarbeid med flyktningane for at dei skal nå mål om arbeid eller utdanning
- Ha heilskapleg fokus på livssituasjon (familie, helse og økonomi)
- Etablere kontakt med arbeidsgjevarar
- Samarbeide med NAV, skule, helsetenester, arbeidsgjevarar og andre instansar
- Saksbehandling og skriftleg dokumentasjon i samsvar med gjeldande regelverk
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Lærar
- Sosionom
- Vernepleiar
- Miljøterapeut
- Annan relevant utdanning
Personlege eigenskapar
Du må:
- Vere flink med folk
- Kommunisere godt
- Like å samhandle
- Kunne jobbe godt og effektivt
Vi tilbyr
- Meiningsfylte oppgåver
- Lønn etter kvalifikasjonar
- God pensjonsordning
- Dyktige og kjekke kollegaer
Kontaktinformasjon
Lars Erling Bjåstad Hovlid, Leiar, Inkludering og mangfald, 91635277Mari Vikanes, Personalrådgjevar, mari.vikanes@ulstein.kommune.no
Arbeidsstad
Reiten 206065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Organisasjons- og utviklingsetatenReferansenr.: 4611640049
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.