Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Oppstart
10. juni 2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2
Er du helsefagarbeidar eller hjelpepleiar? Har du lyst å jobbe på sjukehus? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Vi har ledig stillingar:
- 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- 20 % fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger.
Nordfjord sjukehus er lokalsjukehus for Nordfjord-regionen, og tek i mot det meste av augeblikkeleg hjelp frå dette området.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
- Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov
- Observasjon og måling av kliniske parametrar
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Bidra til rettleiing for helsefaglærlingar og elevar
- Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
- Todelt turnus med jobb kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
- Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
- Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
- Du trivst i arbeid som krev at du må halde deg fagleg oppdatert, og finne løysingar på korleis ein kan utvikle faget
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande, utfordrande og fagleg utviklande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Skålbones, Einingsleiar, (+47) 977 02 704Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4818037541
Stillingsprosent: 100, 20%
Fast
Startdato: 10.06.2024
Søknadsfrist: 08.09.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2659630
- Sist endret
9. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e824e7c9dac45bdb7a9d3148475ce4e