Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane - st. nr. 29/2019
Jobbnorge ID: 170577
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er det ledig eit 100 % vikariat som studieleiar for program for grunnskulelærarutdanningane (GLU) i perioden 1.8.2019 - 31.7.2020.
Kvalifikasjonar
Den tilsette må ha god kunnskap om høgskulesystemet og gjerne erfaring frå arbeid i grunnskulelærarutdanningane. For tilsetjing som studieleiar bør søkjaren ha mastergrad eller hovudfag i pedagogikk eller i eit anna skulefag.
Personlege eigenskapar som samarbeidsevne, evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, god munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil bli vektlagde.
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Arbeidsfelt
HVO tilbyr begge løpa i GLU, 1-7 og 5-10. Studieleiar har ansvar for fagleg leiing og utvikling av GLU, inkludert koordinering og oppfølging av fagmiljøa som leverer fagtilbod til programmet. Studieleiaren har ansvar for informasjon og studentkontakt og skal fungere som ekstern kontakt og nettverksbyggjar på vegner av studiet og HVO. Studieleiaren har også ansvaret for praksisorganisering og kontakt med praksisfeltet. Det er tilsett ein eigen praksiskoordinator som står for den praktiske administreringa av praksis.
Stillinga er ei fagleg leiarstilling og er knytt til leiargruppa ved AHL, med dekan som næraste overordna.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ i stillingskoda 1473 studieleiar frå 576 500 kr - 658 300 kr.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
Søknadsfrist: 30. mai 2019
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte dekan Arne Myklebust, tlf. 70 07 50 95/ 95166367
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, samt eit omfattande vidareutdanningstilbod.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.