Ledige helgestillingar i Bømlo heimeteneste
Bømlo heimeteneste har ledig faste helgestillingar som sjukepleiar, student eller helsefagarbeidar med arbeid kvar tredje helg. Bømlo heimeteneste organiserer tilbod om heimesjukepleie, heimerehabilitering, matombringing, dagtilbod, praktisk bistand og brukarstyrt personleg assistanse. Mål for heimetenesta er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver på helg:
- Personretta hjelp
- Heimerehabilitering
- Matombringing
- Praktisk vegleiing
Kvalifikasjonar:
- Helgestilling er aktuell for Offentleg godkjend sjukepleiar, studentar innan helse- og sosialfag eller helsefagarbeidar.
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Du må trives med variert arbeid, lika ein viss grad av uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo
- Kunna bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit triveleg og kjekt arbeidsmiljø saman med kollegaer som har fagleg engasjement og fokus på utvikling
Andre opplysningar:
- Det er ynskjeleg med snarleg tilsetjing
- Det er krav om gyldig politi-/tuberkulose attest
- Stillinga vert løna etter gjeldande regulativ
- Tilsetjinga skjer på vanlege kommunale vilkår
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elin Akse Vik - 53 42 34 45 / 412 48119 eller avdelingsleiar May Linn Bortne - 53 42 34 44.