Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk
Universitetet i Bergen
Lars Hillesgt. 3, 5015 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. februar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStipendiat
Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.09.25
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om fagområdet:Om fagområdet: Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk er eit tverrfagleg studium av musikk og helse. Feltet er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon som søkjer å utforske og fremje forståinga av korleis musikk kan påverke helse og livskvalitet, både i kliniske kontekstar og i kvardagslivet.
Griegakademiet tilbyr eit femårig integrert masterprogram i musikkterapi som kombinerer praktisk opplæring med vitskapleg tilnærming. Studentane lærer å forstå og bruke musikk i relasjon til helse og sosialt arbeid, og utdanninga førebur dei på arbeid i både terapeutiske og førebyggande samanhengar.
Forskingsmiljøet er organisert som eit tvillingsenter, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT). GAMUT knyter til seg forskarar frå Griegakademiet (UiB) og frå avdeling for velferd, arbeid og helse NORCE. Senteret fremjar forsking innan musikkterapi og tverrfaglege perspektiv på forsking i eit breitt felt. Det legg til rette for både spesialiserte forskingsmetodar og tverrfaglege tilnærmingar. Senteret publiserer to internasjonale tidsskrift: the Nordic Journal of Music Therapy, and Voices: A World Forum for Music Therapy.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett i stillinga må utvikle sitt eige prosjekt innanfor fagområdet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Det er venta at stipendiaten bidreg aktivt til å vidareutvikle det akademiske miljøet ved instituttet og samarbeider på tvers av fagområde og institusjonar.
Prosjektet må høyre inn under fagområdet musikkterapi og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen og forskingsstrategien ved instituttet, og ved GAMUT. Områda barn og unge, eldreomsorg blir rekna som særleg aktuelle tema for prosjekt, men andre tema kan òg vere relevante.
Prosjektskisse:
Søknaden skal innehalde ein detaljert plan for prosjektet, som skal gje ei tydeleg framstilling av det vitskaplege prosjektet, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode og relevante etiske aspekt der det er aktuelt. Søknaden må også innehalde ein tidsplan for gjennomføringa av prosjektet, som viser milepålar, planlagde utanlandsopphald og korleis opplæringsdelen er inkludert i planen. Det skal også leggjast ved eit budsjett som skildrar dei økonomiske rammene for prosjektet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga: Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.
Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.
Om forskarutdanninga: Stipendiatar innan musikkterapi/musikkvitskap vert tilsette ved Fakultet for kunst, musikk og design og vert tekne opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet (HF). Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil og bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Graden må vere fullført innan søknadsfrist
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
- Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter pkt. 2.1 i Ph.d.-programmet.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 540 500 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført BA og MA, samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk
- I tillegg:
- For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement
- For utdanning utanfor Norden skal det leggast ved automatisk godkjenning i samsvar med HK-dir. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning
- For utdanning utanfor EU/EØS vert det kravd godkjenning frå HK-dir
- Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna)
- Litteraturliste for prosjektskissa
- Framdriftsplan
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider)
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar eller tekstutdrag (inntil tre)
- Relevante attestar
- Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.
NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende.
Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord, mob. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig