Kurator
KORO - KUNST I OFFENTLIGE ROM
Victoria terrasse 11, 0251 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Kurator
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
Kunstseksjonen i KORO har som oppgåve å planlegge, gjennomføre og finansiere kunstprosjekt i alle former for offentlege rom. Kuratorstillinga vil ha oppgåver knytt til KORO sine kunstordningar. Den som vert tilsett vil arbeide med planlegging, gjennomføring, forankring og formidling av kunstprosjekt i offentlege bygg, offentlege uterom og andre offentlege miljø, mellom anna i det nye regjeringskvartalet i Oslo. Arbeidet vert utført i eit tett samarbeid med dei andre fagseksjonane i KORO.Kvalifikasjonar
Kunst- og/eller kuratorfagleg utdanning frå universitet / høgskule på masternivåSolid erfaring med kuratering av kunst, helst også kunst i offentlege rom
Brei kunnskap om norsk og internasjonal samtidskunst
God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel
Personlege eigenskapar
- God forståing for moglegheiter og utfordringar innanfor kunst i offentlege rom
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide kreativt, sjølvstendig, målretta og effektivt
Vi tilbyr
Interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Stillinga vert lønna i lønnsspennet 650 000 – 800 000, i stillingskode 1434/1364, rådgjevar/seniorrådgjevar, i lønnsregulativet i Staten. Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar. Medlemskap i Statens pensjonskasse.Kontaktinformasjon
Nora Ceciliedatter Nerdrum, Kurator og leder for kunstseksjonen, +47 90082133Arbeidssted
Victoria terrasse 110251 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: KORO - KUNST I OFFENTLIGE ROMReferansenr.: 4875907101
Stillingsprosent: 100%
Åremålsstilling
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2029
Søknadsfrist: 13.11.2024
Om bedriften
KORO arbeider med produksjon, formidling, forvalting og utvikling av kunnskap innanfor kunst i offentlege rom. Vi har som mål at samtidskunst av høg kvalitet skal vere tilgjengeleg for eit breitt publikum over heile landet. KORO er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom og er ei eining under Kulturdepartementet. Vi har 27 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo. Verksemda til KORO er i stor grad organisert i tverrfaglege prosjektgrupper.
KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774120
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74e745e7f9ea47f7a788f4eae6bfabcb