Søkjer du ei fagleg spennande og utfordrande mellomleiarstilling med meining?
Vi har no ledig stilling som avdelingsleiar ved Nedre-Ål skule frå 01.08.24. Stillinga er 100% fast, der 20% er undervisning.
I rolla som avdelingsleiar ved Nedre-Ål skule vil du ha medansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt, og for å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Du vil vere del av eit leiarteam saman med rektor og ein annan avdelingsleiar i 80% stilling. I tillegg er også SFO-leiar, spes.ped koordinator og sekretær ein del av administrasjonen ved skulen.
Skulen har som fokus Respekt – Ansvar – Omsorg. I dette ligg det at skulen skal vere ein trygg og føreseieleg stad for alle, der elevane blir møtt med positive forventningar og tilpassa utfordringar. Gjennom elev og vaksenstandardane våre held me tak i dette saman – både barn og vaksne.
Ål kommune har fire barneskuler og ei ungdomsskule. Nedre-Ål skule er ein barneskule med ca 220 elevar og om lag 50 tilsette. Du finn meir informasjon om Ål kommune og Nedre-Ål skule her: https://www.aal.kommune.no/. I tillegg kan du få eit glimt av kvardagen på skulen si Facebookside.
Arbeidsoppgåver
- medansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi
- delta i leiing og utvikling av det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar
- aktiv deltakar i leiarteamet ved skulen
- samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane
- 20% undervisning blir tillagt stillinga
- vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid
- stedfortreder for rektor
Kvalifikasjonskrav
- undervisningskompetanse og -erfaring frå grunnskule
- god økonomisk forståing
- god digital kompetanse
- gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Ønska kvalifikasjonar
- leiarerfaring
- leiarutdanning, t.d. rektorskulen
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats
- lagbyggar, som evnar å jobbe systematisk og langsiktig med komplekse og utfordrande oppgåver
- evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar
- raus og fleksibel
- lagspelar med godt humør
- høg arbeidskapasitet
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- likar barn/ungdom
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og utfordrande jobb
- eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap
- moglegheit til å vere med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom samarbeidsfora kommunalt og regionalt
- eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
- leiarstøtte
- konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her