Bygg- og eigedomsforvaltning søker etter ny medarbeidar
Sunnfjord kommune Bygg- og eigedomsforvaltning
6843 Skei i Jølster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Byggdriftar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. november
Bygg- og eigedomsforvaltning har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningar som Sunnfjord kommune eig. Dette er administrasjonslokale, skular, barnehagar, institusjonar, kulturbygg, idrettsanlegg, symjebasseng og kommunale bustader. Vi administrerer og utfører dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningar og tekniske installasjonar, samt tilknytt uteområde for våre bygg. Eininga har 34 tilsette der 23 er byggdriftar/vaktmeister.
Vi søker etter:
Ansvarsområde er i første omgang lokalisert til byggdriftar- base på Skei, som til saman har 3,6 årsverk. Men stillinga kan også omfatte andre oppgåver andre stadar i kommunen, og byggdriftarane vikarierer for kvarandre ved ferie og fråvær. Område og byggansvar kan bli endra på. Arbeidet er på dagtid mandag til fredag, men behov for å vere til stades på andre tidspunkt kan førekomme. Sunnfjord kommune praktiserer fleksitid og byggdriftar disponerer arbeidstid innanfor råma av fleksitid.
Ønske om kvalifikasjonar:
- relevant handverks fagbrev, t.d. byggdrift, tømrar, røyrleggar, elektrikar
- erfaring med oppgåver innan byggdrift
- liftkurs
- stillaskurs
Vi søker deg som:
- har gode samarbeidsevner, men som og kan arbeide sjølvstendig på eige initiativ
- likar fysisk arbeid og taklar ein hektisk og variert arbeidskvardag
- er positiv til å tileigne seg ny kunnskap og kompetanse
- er serviceinnstilt, ansvarsfull, påliteleg og omgjengeleg
- har grunnleggande datakunnskap
- kommuniserer godt på norsk
- har førarkort klasse BE
Vi kan tilby ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Ordna arbeidsforhold med medlemskap i KLP og løn etter tariff.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2784330
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3424307_143445_nn