Ønsker du å gjera ein forskjell i klasserommet kvar dag?
Vindafjord kommune Skjold skule
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstilling i vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
To av våre kollega skal ut i farspermisjon etter påske, så me søkjer etter to nye kollega på ungdomstrinnet. Me søker etter kvalifiserte lærarar til to vikariat i 100% stilling frå 22.4.25 - 20.6.25.
Kva får du jobba med hos oss?- Undervisning og oppfølging av elevar på ungdomstrinnet i samsvar med læreplanverket og lokale satsingar.
- Tett samarbeid med kollegaer i profesjonelle læringsfellesskap for å utvikle undervisninga og dele erfaringar.
- Tilpasse undervisninga til ulike elevar sine behov og føresetnader.
- Bruke varierte arbeidsmetodar og vurderingspraksisar for å engasjere elevane i eiga læring.
- Vere ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og utvikling står i fokus.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
Me ynskjer ein tydeleg og varm vaksen som trivs saman med elevar
- Tydeleg klasseledar
- Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
- Evnen til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
- Strukturert og sjølvstendig
- God relasjonskompetanse. Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864826
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3465509_228563_nn