Lege i spesialisering
Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Det er ønskjeleg med søkjarar som ser føre seg framtidig overlegearbeid i Medisinsk avdeling, Helse Førde. For alle spesialitetar, utgjer LIS 2 indremedisin naudsynt basis og høve til å prøve ut kva framtidig spesialitet ein ønskjer. Viser elles til gjeldande avtaleverk for legar i spesialisering.
Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS 2-stillingar og 8 LIS1 og er godkjend for spesialisering/LIS 3 innan kardiologi, nefrologi, gastroenterologi og lungesjukdomar. Det er søkt om godkjenning for utdanning innan akutt-og mottaksmedisin (AMM) og framhald av godkjenning innan generell indremedisin. For tida er det 6 LIS 3 i spesialisering utover nemnde stillingar. AMM er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde og har ein viktig funksjon i styring av pasientflyt i akuttmottak og i oppfølging av observasjonspost. LIS 3 og erfarne LIS 2 tek del i eigen AMM-plan. Frå hausten 2024 blir det innflytting i nytt sengepostbygg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er knytt til akuttmottak, sengepost, overvakingssenger, medisinsk intensivavdeling og til poliklinikk
- Vakthavande LIS 2 kan bli rådspurt i høve innleggingar for dei medisinske seksjonane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid
- Det er utstrakt tverrfagleg teamarbeid både i vakt-, sengepost- og poliklinisk arbeid og AMM-lege er sentral samarbeidspart til LIS 2-vakta
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Søkjar må vere autorisert til å jobbe som LIS 2 og må ha gjennomført LIS 1-teneste i Noreg
- Erfaring som LIS frå indremedisinsk avdeling er ein fordel
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Tett og godt samarbeid med LIS og overlegar og med anna personell i avdelinga
- Støttande og trygt arbeidsmiljø
- Kontinuerleg fagutvikling og utdanningsverksemd for LIS 1-3
- Grunnløn etter tariff
- Individuelt tillegg kr 30.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, 578 39 317Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4814568360
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 29.05.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2651193
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71c1a449b80346059bc464dd5e8ecea0