Intensivsjukepleiar og sjukepleiar til faste stillingar v/Brannskadeavdelinga
Org. nr: - Stillingsident: 4187035863 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer Intensivsjukepleiar og offenleg godkjend sjukepleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidrar i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er mellom dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig faste stillingar som intensivsjukepleiar og offentleg godkjend sjukepleiar. Turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er ledig frå snarast.
Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert behandling av brannskadar og har 8 sengeplassar fordelt på 5 intensivsenger og 3 standard senger. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
For stillingane er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Nasjonalt brannskadesenter er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar.
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar.
- Avdelingen behandlar barn og vaksne.
- Arbeid knytt til sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Søkjar må vere intensivsjukepleiar eller autorisert sjukepleiar med minimum tre års sykehuserfaring.
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team.
- Søkjar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert.
- Søkjar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsstad
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ulempetillegg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Kurs for nye tilsette
- Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
Kontaktinformasjon
Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4187035863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.