Undervisningstilling i norsk og engelsk
Org. nr: 974557282 Stillingsident: 4401878703 Presentasjon av stillingen:
Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 90 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram,: Studiespesialiserande samt påbygg, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag og klassar med redusert elevtal. Ved avdeling Valekrossen tilbyr vi fellesfag på Vg1 og Vg2 Yrkesfag, samt påbyggsfag. Valekrossen har omlag 15 elevar og er lokalisert på Valen sjukehus.
Frå 1.august har vi ledig omlag 50 % stilling som lærar i norsk og engelsk ved avdeling Valekrossen.
Arbeidsoppgåver
Omlag 50 % undervisning i norsk og engelsk.
I tillegg kan det vere aktuelt med undervisning ved hovudskulen om det vert noko ledig.
Kvalifikasjonar
Lærar med undervisningskompetanse i både norsk og engelsk.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova.
Den som tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglovav § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentelggjort sjølv om du har oppmoda om ikje p bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg slkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentelggjort.
Personlege eigenskapar
Du trivst i eit tett arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
Du trivst å arbeide i små grupper.
Du er god på å skape relasjonar.
Du er inkluderande og utviklingsorientert.
Du har god pedagogisk forståing.
Vi tilbyr
Ein liten avdeling som sjår den enkelte, både lærar og elev.
Nært samarbeid med kollegaer.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Runhild Kjeldaas, avdelingsleiar, 41088344
Arbeidsstad
Opsangervegen 160
5460 Husnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4401878703
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 20.06.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.