Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
AAM FSS intensiv, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Intensivavdelinga i Førde er ei avdeling med sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga har både medisinske og kirurgiske pasientar, der ein har alt frå pasientar med enkle kirurgiske inngrep, til intensivpasientar med behov for respirasjonsstøtte, både non-invasiv og invasiv. Avdelinga tilbyr pasienter m.a. hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjertestans.
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjeneleg like i nærleiken.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe intensivsjukepleiarane i arbeidet med pasientane.
- Gje omsorg for pasient og pårørande
- Medansvar for varelogistikk og orden i avdelinga
- Vere med på treningar i team
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta vert sterkt vektlagt
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God opplæring
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, +47 57839080Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4877315598
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777876
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98bb5777e8f54ecb9eb6dc71d8fd639f