Sjukepleiar
Vi har ledig ei fast, 100 prosents stilling som sjukepleiar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Stillinga er ledig frå 1. mai 2024. Arbeidstida er i dag organisert i to-delt turnus, med arbeid to av seks helgar.
Seksjon blå er ein skjerma seksjon ved Herøy omsorgssenter, som ligg på Eggesbønes. Seksjonen har 16 pasientar. Vi jobbar særskilt med individtilpassa miljøarbeid for å fremje tryggleik hos desse pasientane.
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefaglege oppgåver
- miljøarbeid
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- samarbeider godt i team
- er strukturert og sjølvstendig
- kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert og fleksibel
- er god til å bygge tillit mellom pasient og helsepersonell
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
- fagdag i turnus
- stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til kommunen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5C6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4785476841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!