Brukarstyrt personleg assistent- BPA
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent- BPA
Type ansettelse
Fast, deltid 28.17%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønsker du ein jobb der aktivitetar og trening er i fokus?
Øystre Slidre kommune søker etter aktiv assistent på vegne av person med vedtak om brukarstyrt personleg assistanse.
Om stillinga:
Eg er ei kvinne på 37 år som søkjer etter ein ny assistent. Arbeidstid er 10 timar pr veke, med moglegheit for fleire vikartimar om ønskjeleg. Eg bur i eigen bolig i Moane, og jobbar fulltid. Arbeidstid vil vere 1-2 dagar i veka og i hovudsak ettermiddag/kveld og helg. Hovudoppgåva vil vere å bidra med trening og fysisk aktivitet.
Arbeidsstad er ute på aktivitetar, eller i min heim.
Arbeidsoppgåver
- Hovedoppgåva er å bistå med trening og fysisk aktivitet. I sommarhalvåret vil det bli sykling som er i fokus, og i vinterhalvåret skipigging. Det er ønskjeleg at du likar desse aktivitetane, og generelt likar å vere aktiv.
- Andre oppgåver kan vere aktuelle etter avtale
Meir om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse: https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-ikommunene/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa/
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at du har interesse for trening og å vere i aktivitet , sidan hovudoppgåva di blir å bistå med dette.
- Det er ikkje krav om formell utdanning
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må like å vere i aktivitet
- Du må vere stabil og til å stole på
- Du må kunne rettleie og motivere
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Fast tilsetting i Øystre Slidre kommune
- Øystre Slidre kommune er arbeidsgjevar, og du får lønn etter gjeldande tariffavtale
- Du vil få nødvendig opplæring
Kontaktinformasjon
Mari Nysveen, Tildelings- og bustadkontoret, +47 91629270Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4782620829
Stillingsprosent: 28,17%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2589663
- Sist endret
2. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
18c41e9fa5a9418b9c2180bcb53407a2