Politiførstebetjent spesialmedarbeidar innan organisert kriminalitet
FEE-Avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Politiførstebetjent - spesialmedarbeider, elektroniske spor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. november
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterforskning av organisert kriminalitet, er det ledig ei eller fleire faste stillingar som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar innan etterforskning av organisert kriminalitet.
Seksjon for organisert kriminalitet består av tre avsnitt, Avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterforsking av menneskehandel og Avsnitt for metodebruk. Seksjonen er organisert ved Felles eining for etterretning og etterforsking og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker i heile politidistriktet. Ein må difor rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet.
Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet består av ein gjeng med særs dedikerte medarbeidere. Seksjonen forvaltar til dømes bruk av skjulte etterforskingsmetodar i Vest politidistrikt. Mye av etterforskinga i våre saker byggjer på elektroniske spor. Vi legg stor vekt på å verne om korleis våre metodar vert brukt og vi ser nå etter ein kollega med høg grad av integritet som kan vere ein ressurs særleg tilknytta arbeidet med elektroniske spor på avsnittet, og som vil bidra aktivt i kunnskapsbyggjing på hele seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Generelle etterforskingsoppgåver i saker ved seksjonen
- Avhøyr og etterforskingsskritt i saker, til dømes kor skjult etterforsking blir brukt
- Bidra med kompetanse i forbindelse med innhenting og analyse av elektroniske spor i eigen avdeling
- Må pårekne etterforskningsansvar i eigne saker
- Bearbeide, systematisere, analysere og vurdere informasjon innhenta gjennom etterforsking, herunder utarbeiding av gjennomgangsrapporter
- Halde seg oppdatert på trendar og utvikling innan organisert kriminalitet og vere ein pådrivar inn i den generelle etterretningsproduksjonen i politidistriktet og ved avsnittet
- Bidra ved gjennomføring av skjulte metodar ved behov
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad utover politiutdannig vil nokre av kvalifikasjonene kunne fråvikast.
- God kjennskap til og erfaring i bruk av lndicia prosjektmodul
- Må kunne klareres for HEMMELIG
- Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
- Erfaring frå arbeid med elektroniske spor (herunder telefonsikring og trafikkdata osv) er ein fordel
- Vidareutdanning/erfaring innan etterforsking av organisert kriminalitet er ein fordel
- Utdanning innen og erfaring med bruk av analyseprogram for elektroniske spor er ein fordel
- Videreutdanning innen NCFI modul 1 Core Concepts er ønskelig
- Erfaring med bruk av OSINT i etterforskning er ønskelig
- Videreutdanning innen etterforskning er ønskelig
- Vidareutdanning innen etterretning er ønskeleg
- Videreutdanning innen skjulte etterforskningsmetoder er ønskelig
- Erfaring fra bruk av skjulte etterforskingsmetodar er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobba sjølvstendig, men også vera ein lagspelar
- Strukturert og meistrar å arbeida effektivt i ein hektisk kvardag
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Kunne håndtere stort arbeidspress og kunne håndtere eget stressnivå
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar (stillingskode 0285), vert lønna frå ltr 67/ kr 657.300. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mørk, Seksjonsleiar, 41492601Ørjan Teigenes, Avsnittsleiar, 97462227
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4840584980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Torbjørn Mørk
Seksjonsleiar
41492601
Ørjan Teigenes
Avsnittsleiar
97462227
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789738
- Hentet fra
talentech
- Referanse
818a01c26fc44926b8bfa43b704bb47c