Hornindal Omsorgssenter har ledig 100 % fast st for helsefagarbeidar
Volda kommune, Institusjonsteneste
Urdene 9, 6763 Hornindal
Om jobben
Stillingstittel
Hornindal Omsorgssenter har ledig 100 % fast st for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. juni
Vi søker etter initiativrike og engasjerte helsefagarbeidarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Frå september er planen å gå over til turnus med langvakter på helg.
Hornindal omsorgssenter har 24 bebuerar fordelt på tre grupper. Det er eit tett og godt samarbeid
mellom desse tre gruppene
Arbeidsoppgåver
- Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet
- Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem
- Medikamenthandtering.
- Omsorg ved livets slutt
- Tett pårørande samarbeid
- Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
- Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet" Fokus på aktivitet og sosialisering
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert helsefagarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
- Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team
- Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( helst Norsktest nivå B2) . Kunn søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
- Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
- Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar
- Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
- du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer
- Du har lyst til å bidra til utvikling.
- Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen
- Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens
- Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim"
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass
- Engasjerte og hyggelege kollegaer
- Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
- Regelmessig internundervisning
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noLiv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Urdene 96763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4795301200
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Liv Langeland Muldsvor
Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter
90768467
Om bedriften
Volda kommune er den nest største kommunen på Søre Sunnmøre og den sjette største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med overkant av 10.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spannande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2615597
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b0c816eaa9a8401a861b24e39a94c5d2