Museumsgartner ved Svinviks arboret i Nordmørsmusea
No er vi på leiting etter deg som ønsker å vere med og bygge framtidas regionsmuseum saman med oss. Vi søkjer museumsgartner i 100 % stilling med særskild ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret og fagansvar for levande samling i Nordmørsmusea.
Du vil få ansvar for
- å administrere, utvikle, koordinere og følge opp den daglege drifta og den levande samlinga ved Svinviks arboret i tråd med museet sitt planverk og samfunnsoppdrag.
- å følge opp og bidra til utvikling av den øvrige levande samlinga i Nordmørsmusea.
- å bidra til den museumsfaglege utviklinga av Nordmørsmusea.
Dette er ei sjølvstendig stilling med stort rom for utvikling og nyskaping. Stillinga vil inngå i fleire faggrupper regionalt og lokalt.
Du får også
- spanande arbeidsoppgåver i eit godt og interessant arbeidsmiljø.
- engasjerte og kunnskapsrike kollegaer lokalt og i heile regionen.
- god pensjonsordning (KLP).
- løn etter tariff.
Du må
- ha relevant plantefagleg utdanning.
- ha erfaring frå liknande og relevant arbeid.
- like å jobbe både praktisk og administrativt.
- evne å planlegge, leie og ferdigstille arbeid og prosjekt.
- snakke og skrive flytande norsk og engelsk.
- ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.
Du bør dessutan vere glad i levande vesen og kommunisere godt med både kollegaer, frivillige, publikum og andre. Vi kjem til å vektlegge om kandidaten er personleg eigna til stillinga. Oppstart etter avtale, seinast hausten 2024.
Kontaktperson for stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du treff ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller på telefon +47 97 65 42 94.
Send søknad med CV til samme adresse eller ta kontakt om du lurer på om dette er noko for deg.
Søknadsfrist: 1. mai 2024.
Om bedriften
Nordmørsmusea AS er eit kulturhistorisk museum eigd av kommuner og museumslag i Heim, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Smøla, Aure, Kristiansund, Averøy, Hustadvika, samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har forvaltningsansvar for over 114 bygg fordelt i regionen, ei omfattande gjenstandssamling og eit innhaldsrikt foto- og papirarkiv. Med våre 35 tilsette er vi tilstades i heile regionen og har hovudkontor i Kristiansund.
Arbeidet vårt omfattar innsamling, ivaretaking, forskning, forvaltning og formidling, og vi ivaretek nasjonale og internasjonale oppgaver innan nordmørsk kulturarv. Vi har dessutan eit særskild ansvar for handlingsboren kunnskap knytta til bygningsvern og fartøyvern. Når Normoria - kulturhuset i Kristiansund står ferdig i 2025 flyttar vi inn med nytt hovudmagasin, hovudutstillinger og sentraladministrasjon.