Rådgjevar - arealplanlegging og stadutvikling
Vil du drive arealplanlegging i spennet mellom bruk og vern, og med fokus på berekraftmåla i fjellkontekst?
Bykle kommune har både fjellbygd og fjellby, rike naturområde og kulturlandskap. Vi har mykje vasskraft. Kommunen er og ferie- og fritidsdestinasjon med reiseliv og hytter.
Kommunen leverer gode tenester. Vi har varierte kultur- og fritidstilbod og idrettsanlegg for deg som vil vere fysisk aktiv.
Vi arbeider med planlegging i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til varig vern av natur, ofte i samhandling med regionale styresmakter. Kart og digitale sjølvbeteningsløysingar vil vere stadig viktigare framover for samhandling med innbyggjarar, hyttefolk og næringsliv. Vi treng deg med god kjennskap til kart , interesse for digitale løysingar og med solid planfagleg kompetanse. Hjå oss vil du vere del av planavdelinga på Bykle rådhus. Som arealplanleggjar vil du arbeide med sakshandsaming, kvalitetssikring av innkomne planforslag - og arbeid med utforming av nye temaplaner og reguleringsplaner for kommunen. Du vil og bli involvert i stadutviklingsprosjekt og samfunnsutviklinga i Bykle.
Arbeidsoppgaver
- Planarbeid i medhald av plan- og bygningslova.
- Stadutvikling - prosess- og prosjektarbeid
- Utarbeide reguleringsplaner/temaplaner og gjennomføre planprosessar med brei medverknad.
- Sakshandsame private og offentlege planforslag og legge dei fram til politisk handsaming.
- Oppdatere planportalen; arealplaner.no /planinnsyn og plan-info på heimesida.
- Arbeid med å operasjonalisere berekraftsmåla i planar og utviklingsprosjekt. Naturtyper, klima og miljø.
- Oppdatering av kartdatabase (FKB) og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjoner
- Master eller bachelor utdanning innanfor arealplanlegging
- God kjennskap til bruk av GIS, kart og arealverktøy med areal- og klimarekneskap, natur og miljø osb.
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Gjerne godkjent matrikkelførarkurs
Personlige egenskaper
- Fagleg trygg, sjølvstendig og med god rolleforståing mellom administrasjon og politikk
- Engasjert og lett for å arbeide i lag med andre
- Motivert, arbeidssam, ryddig og serviceinnstilt
- God til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg.
- Mobil, og tole både ein kald vinter og å verdsette fjellufta om sommaren
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Full dekning i barnehage og SFO
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Signe Sollien Haugå, Tjenesteleder, +4748237300, Signe.Sollien.Hauga@bykle.kommune.noArbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 4762657640
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 28.02.2025
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette