Danselærer 40% Åmli Kulturskole
40% fast stilling i Åmli kulturskule med moglegheit for kombinasjonsstilling inntil 100% i grunnskulen.
Åmli kulturskule har ledig 40% fast stilling som danselærar, evt også med drama. Åmli kulturskule har seks lærarar og rundt 90 elevar. Det er i dag fire dansegrupper frå 5-18 år med barnedans, showdans og street jazz, samt ei dramagrupper for 3.-10. klasse. Danse/dramalæraren underviser også i breiddetilbodet «kulturkarusellen» ein time i veka.
For personar med rett kompetanse kan stillinga kombinerast med lærarstilling i grunnskulen i Åmli i faga musikk, kunst og handverk eller andre relevante fag inntil 100% stilling totalt.
Vi ønskjer søkarar med:
- gode samarbeidsevner
- som er positive og kan arbeide sjølvstendig
- er flinke til å kommunisere med barn og unge
- er tydelege i forventningar og oppfølging av kvar enkelt elev og ser moglegheiter for tverrfagleg samarbeid.
Vi ønskjer personar med relevant høgare utdanning, men vil også vektlegge relevant erfaring.
Politiattest må framleggast ved tiltreding. Vi tilbyr utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø med dyktige medarbeidarar.
For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med kulturskulerektor Tonje Ramse Trædal, tlf. 37 18 52 64/92 62 95 12 eller rektor Odd Arne Eliassen på tlf 47185172.
Søknaden senast pr. e-post til post@amli.kommune.no eller brev til Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli.
På grunn av omlegging av arkivsystemet er det for tida ikkje mogleg å søke elektronisk.
Meir informasjon finn du på www.amli.kommune.no
Om bedriften
Åmli kommune er en innlandskommune i Aust-Agder fylke. Kommunen er en vidstrakt skogsbygd på 1131 kvadrat-kilometer og har 1845 innbyggere pr. 1.januar 2018. Åmli kommune består av sentrum, dalføra Gjøvdal, Tovdal og Skjeggedal og en rekke mindre grender. Kommunesenteret er tettstedet Åmli med ca 690 innbyggere. Kommunen grenser i nord mot Fyresdal og Nissedal, i øst mot Vegårshei og Tvedestrand, i sør mot Froland og i vest mot Bygland. Vi har god kommunikasjon med byene rundt oss. Sørlandsbanen krysser kommunen i sørøst, med stasjon på Nelaug. Det går en sidelinje fra Nelaug til Arendal. Telemarksvegen, Riksveg 41 Kviteseid – Kristiansand, går i nord-sørlig retning gjennom kommunen. Fra Åmli sentrum går RV. 415 sørøst mot Tvedestrand.