Konstruksjonsteknisk rådgivar - RIB
OSE AS
Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Konstruktør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og planlagt utvikling i selskapet, ser vi etter to konstruksjonstekniske rådgivarar - RIB i Ørsta eller Ålesund.
OSE har lang historie og består i dag av 23 tilsette. OSE sin visjon er å gi "råd som realiserer visjonar". Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Frå "teiknebrettet" til sal og marknad regionen rundt, består OSE av lidenskapelege og dedikerte tilsette som gjer OSE til ein av dei leiande tverrfaglege rådgivarane i regionen. OSE har hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund.
Kan du tenkje deg å være med oss på vegen vidare? Stillinga byr på spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter innan:- Analyser, modellering og dimensjonering
- Utforming av produksjonsunderlag og rapportskriving
- Tidlegfasevurdering av prosjekt og faglege vurderingar
- Prosjekt- og prosjekteringsleiing
- Vere ein del av eit dyktig tverrfagleg miljø
- Kurs og opplæring
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar med moglegheit til å utvikle deg vidare i spennande prosjekt, saman med dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
- Fokus på kompetanse- og personalutvikling
- Gode lønns- og tilsetjingsvilkår
- Ulike sosiale arrangement
- Flotte kontorfasilitetar
Vi søker primært etter erfarne og sjølvstendige medarbeiderar med byggfagleg masterutdanning og tre års relevant erfaring innan konstruksjonsfaget. Erfarne høgskulekandidatar med lengre praksis oppfordrast og til å søke. Kandidaten må ha god praktisk og analytisk innsikt.
Kontorstad er vår avdeling i Ålesund eller Ørsta.
For ytterligare informasjon om stillinga ta kontakt med Tor Egil Meland (tlf. 482 86 962) eller Marita Gjerde (tlf. 974 86 705). Søknad med CV sendast til toregil@oseing.no.
Om bedriften
OSE er eit tverrfagleg miljø med planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn. Råd som realiserer visjonar er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre.
Sektor
Privat
Nettsted