Sakshandsamar i barnevernstenesta
Barnevern, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sakshandsamar i barnevernstenesta
Oppstart
22. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stad kommune har ledig 100% vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta i perioden 22.04.2025 - 30.01.2026, med moglegheit for forlenging.
Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.
Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.
Som tilsett i barnevernstenesta vil du bli del av eit godt og stabilt fagmiljø som er opptekne av høg fagleg standard.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter lov om barnevern (barnevernslova).
- Vi er inndelt i tre team; melding, undersøking og hjelpetiltak, omsorg utanfor heimen og miljøterapeutar. Vikariatet er i team melding, undersøking og hjelpetiltak.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år.
- Erfaring frå arbeid i barnevernstenesta vil bli vektlagt.
- Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil.
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode datakunnskapar.
- Personleg eignaheit.
Personlege eigenskapar
Som sakshandsamar i barnevernstenesta er det viktig at du
- har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
- er tydeleg
- kan jobbe både sjølvstendig og i team
- har evne til å trygge og ta i vare partar, samarbeidsinstansar og kollegaer
- har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møter
- har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
- kan arbeide planmessig og strukturert
- har kjennskap til relevante lover og regelverk, god systemforståing og kan samarbeide tverrfagleg
- held deg fagleg oppdatert
- likar og toler høgt arbeidstempo
- har evne til å reflektere over eigen praksis
- er fleksibel
- aktivt bidrar til eit trygt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ekstern rettleiing.
- Eininga disponerer eigen bil.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Britt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, britt.remme@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4902293629
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 22.04.2025
Sluttdato: 30.01.2026
Søknadsfrist: 30.01.2025
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2830607
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45983a1eaef14d2988f84bb06711cf1f