ID 953 Rimbareid skule har ledig 100% stilling som vernepleiar
Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 350 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.
Me søkjer no ein engasjert og dyktig vernepleiar som skal bidra i dette arbeidet og leggja til rette for at alle elevane våre opplever meistring og læring i skulefellesskapet.
Arbeidstida er i hovudsak 8.00 -- 16.15 måndag til fredag, med arbeidsoppgåver både i skulen og på SFO.
Me søkjer etter ein vernepleiar som:
-
Har godkjent vernepleiarutdanning frå høgskule
-
Kan identifisera miljøfaktorar som fremjar opplæring og utvikling for elevar med særskilte behov og føresetnadar.
-
Kan utarbeida, førebu og gjennomføra opplæringstiltak og -aktivitetar i samarbeid med lærarane.
-
Har kunnskap om tilrettelegging for individuell opplæring
-
Kan bidra til inkludering, deltaking og auka toleranse for mangfald.
-
Er robust og løysingsorientert.
-
Har erfaring frå arbeid i skulen.
-
Har godt humør og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
-
Har evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig.
Fitjar kommune praktiserer likestillingspolitikk og ynskjer søkarar uavhengig av kjønn, alder og bakgrunn. Vi oppfordrar spesielt menn til å søkje på denne stillinga.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Søknad med referansar og oppdatert CVskal sendast til Fitjar kommune. Me oppmodar at ein søkjer elektronisk, http://www.fitjar.kommune.no/sok-ledige-stillinger.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova § 10 - 9. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju.
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2738600
- Sist endret
21. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
be08ef04-e879-4696-91fa-961fe2da68ad