Prosjektleiar Vanylven 2027
Vanylven kommune søkjer etter prosjektleiar 100% som skal koordinere oppstart og drift av omstillingsprosjektet "Vanylven 2027"
Vanylven kommune vil frå 2027 få store utfordringar på grunn av endringar i demografien - ved at kommunen vil få ei kraftig auke i tal innbyggjarar over 80 år. Dette vil bety ei kostnadsauke i helse- og omsorgssektoren, som vi ikkje kan løyse ved å omfordele ressursane internt mellom sektorane i kommunen.
Dersom kommunen skal klare å handtere denne utfordringa, så må vi sjå på organisasjonsstrukturen – og dette gjeld alle sektorane. Vidare må vi flytte ressursane frå systemnivå til individnivå, samt sikre at vi har rett ressursinnsats og kompetanse på dei ulike tenesteområda. For å kunne utgreie, planlegge og koordinere dette arbeidet så har vi behov for ei prosjektstilling over 2 år, som kan arbeidet med organisasjonsutvikling, innovasjon og digitalisering.
Vi er ute etter ein person som kan sjå Vanylven kommune i nye auge, og kan vere med på laget for korleis vi kan omorganisere, effektivisere og digitalisere arbeidsoppgåver i sektorane. Dersom du er rette kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent organisasjon som har stor endringsforståing.
Kommunen tek atterhald for politisk godkjenning av finansiering av stillingsheimelen.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektstyring i samsvar med kommunen sine fastsette retningsliner for prosjektarbeid
- Sakshandsaming og budsjettansvar innanfor arbeidsområdet for prosjektet
- Andre arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning - fortrinnsvis på masternivå innanfor fagfeltet innovasjon, prosjektleiing og tilsvarande. '
- Interesse og erfaring for system- og utviklingsarbeid
- Gode generelle IKT-kunnskapar samt innsikt, forståing og dokumentert kunnskap i generell programmering
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Relevant erfaring med kommunens sak- og arkivsystem, ACOS
- Relevant erfaring frå kommunen sitt ERP-system , Visma Enterprise
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, strukturert, systematisk og løysingsorientert
- Faglig engasjert, initiativrik, ansvarsbevisst og nøyaktig i arbeid
- Godt humør, inkluderande og høg endringskapasitet
- Tydeleg, trygg og effektiv
- Evne og vilje til å gjere store og små arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg vidareutvikling
- Løn etter avtale
- Nedbetaling av studielån
- Fleksibel arbeidstid
Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhuset6143 FISKÅ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4787226014
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 15.04.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!