Overlegar mamma/endokrinkirurgi og urologi - mulighet for turnusordning
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Overlegar mamma/endokrinkirurgi og urologi - moglegheit for turnusordning!
Antall stillinger
3
Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?
Vi driv aktivt med forskning, 3 overlegar og 1 LIS har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca 50 operasjonar for cancer recti og ca 120 for ca coli per år.
Innanfor urologi opererer vi dagkirurgi, alle typar transuretral kirurg(TURP,TURB, nyre og ureterstein), nyrecancer.
Vi er på kirurgisk avdeling Ålesund sjukehus pt 15 overlegar, 11 LIS 2/3 og 14 LIS 1. Vi har 3 urologar, 2 uroterapeutar og har plass til endå fleire i teamet vårt!
Det opererast ca 250 brystkrefttilfeller i året.
Innanfor mamma/endokrinkirurgi har vi ansvar for alle pasientane i Møre og Romsdal. Vi utfører alle typar diagnostikk og opererer alle typar mammakirurgi inkludert onkoplastikk- då saman med plastikk kirurg som kjem frå Molde.
Vi utgreier tyroidea/paratyroideasjukdom og behandlar benigne tilstandar, cancer er sentralisert til St Olavs Hospital.
Stillingane er ledig omgående, men startdato kan avtalast. Det er mogelegheit for turnusordning med intensiv arbeidsområde etterfulgt av friperiode.
Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår på Visit Ålesund og sunnmøre
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Søkjarane må beherske nordisk språk skriftleg og muntleg
- Det må foreligge norsk godkjenning av spesialitet
- Urologi: det er ønskeleg med erfaring i robotkirurgi
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Valborg A. Bakke, Seksjonsleiar / Kirurgiske legar, +47 70105167, Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4802564148
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2634785
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6072929dbbc5473c947dd432bf0a34e2