Forlenga søknadsfrist - 50% fast stilling som landbruksvikar
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Stillingstittel
Landbruksrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tokke kommune søkjer etter landbruksvikar i 50 % stilling!
Landbruket er ei viktig næring i kommunen vår, og det er eit sterkt ynskje om å oppretthalde aktivitet og sysselsetjing. Tokke kommune har ein variert husdyrproduksjon. Det er ei overvekt av sauebesetningar, men vi har også produsentar som driv med mjølkeproduksjon på kyr og geit, ammekyr og -geit, og grovfôrprodusentar.
For å kunne gje bonden ein meir forutsigbar kvardag, fortrinnsvis avløysing ved sjukdom og fødsel, ynskjer vi å tilsetje ein landbruksvikar i 50 % stilling. Det vil også vere høve til avløysararbeid ved ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Fjøsarbeid som mjølking, fôring og stell
- Ekstrahjelp i travle periodar som t.d. lamming/kjeing/kalving
- Arbeid i samband med gjerding, slått og enkelt vedlikehaldsarbeid
- Delta på relevante avløysarkurs
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- God kjennskap til og interesse for landbruk
- Agronomutdanning og/eller relevant praksis frå tradisjonelt gardsarbeid
- Pliktoppfyllande, sjølvstendig og fleksibel. Ha god arbeidslyst og vere glad i dyr
- Evne til å handtere og løyse krevjande situasjonar
- Strukturert, ryddig og ha gode kommunikasjonsevne
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Du må kunne møte på kort varsel i akutte situasjonar. Kort arbeidsveg er derfor å føretrekke
- Det er krav om førarkort for bil, og ynskjeleg for traktor
- Beherske norsk, munnleg og skriftleg
Me kan tilby
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver hjå trivelege og kunnskapsrike bønder
- Løn etter nærare avtale og kvalifikasjonar
- Pensjonsordning og ordna arbeidstilhøve
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Spørsmål ved stillinga kan rettast til jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, tlf. 35075242, e-post: gunnhild.breiland@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Forlenga søknadsfrist: 25. februar 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har omlag 2200 innbyggjarar.
Det er eit mangfaldig kultur- og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder og Vest-Telemark vidaregåande skule her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2559468
- Sist endret
26. februar 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bd92c1bb-1544-49ab-910d-062f6579bb3c