100% prosjektstilling i avdeling for psykisk helse og rus
Me lyser ut 100% prosjektstilling i avdeling for psykisk helse og rus med hovudvekt på førebygging barn og unge, rus- og avhengigheits problematikk/ psykisk liding i perioden snarast og fram til 31.12.24 med mogleg forlenging og fast stilling på sikt.
Psykisk helse og rus er ei eiga fagavdeling organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Samtalebehandling individuelt og i grupper
- Delta i miljøterapeutiske tiltak individuelt og i grupper
- LAR kontakt i kommunen (legemiddelassistert rehabilitering). Samhandling med spesialisthelsetenesta
- Kommunen sin representant i rusfagleg forum i Vest-Telemark
- Førebyggjande arbeid barn/unge. Samhandling med oppvekst og SLT-koordinator.
- Eldre med avhengigheits problematikk. Vere ein ressursperson for samarbeidspartnarar i helse/omsorg. Legge til rette for fagutvikling, skolering og rettleiing
- Felles arbeidsoppgåver/oppgåvefordeling
- Tverrfagleg samarbeid og pårørandesamarbeid
- Stillinga er på dagtid, men kan innebere nokon ettermiddagstimar
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent sjukepleiar/ vernepleiar
- Vidareutdanning i psykisk helse og rus er ynskjeleg
- Det er ynskjeleg med erfaring fra psykisk helse og rusarbeid.
- Anna relevant utdanning/kompetanse vil bli vurdert
Vi søkjer deg som:
- Arbeider målretta med pasientar
- Har god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneske
- Er fleksibel og løysningsorientert
- Taklar stress og endringar
- Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Kan norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
- Har førarkort klasse B
At du er personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø
- Ein lærande og framtidsretta organisasjon.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtale
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For meir informasjon, ta kontakt med :
Fagleiar psykisk helse: Elin Erikstein tlf 35075546/ 97058050 elin.erikstein@tokke.kommune.no
Avdelingsleiar helse: Evy K. Aamlid tlf. 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.