Barnevernspedagog/sosionom BUP poliklinikken - Molde sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4087304787 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helsevern for barn og unge består av poliklinikkar i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda og Døgnseksjon PHBU i Ålesund og Molde (tidligere UPS i Ålesund og Familieseksjonen i Molde).
Vi har ledig ledig fast stilling for barnevernspedagog/sosionom frå 01.08.2019
Poliklinikken i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira i 11 kommunar i Romsdal og deler av Nordmøre. I seksjonen arbeider det psykologspesialistar og psykologer i ulike faser av spesialisering. Saman med høgt kvalifiserte spesialistar frå andre faggrupper som legar, sosionomar, barnevernspedagogar, pedagogar og fysioterapeut utgjør ansatte i avdelinga eit spennande fagmiljø som gir rom for og legger til rette for fagleg videreutvikling og spesialisering. Vi er organisert i tre generalist-team, eit småbarnsteam og eit akutt ambulant team.
I tillegg til å vere i team utgjer ein del av behandlarane også grupper som arbeider spesielt med traumebehandling og angst/tvang og spiseforstyrrelsar. Vi arbeider spesifikt med metodane TF-CBT. 4-dagars-behandling for OCD og angstlidelsar, og familiebehandling av spiseforstyrrelsar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiingsarbeid
- Vere ein del av behandlingsteam
- Gjennomføre konsultasjoner
- Ha tett samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Tre-årig sosialfagleg høgskuleutdanning
- Relevant videreutdanning kan vere ein fordel
- Tidlegare erfaring frå arbeid med barn og unge
- Gode norsk-kunnskapar, muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid og personlege eigeskapar vil verte vektlagt
- Politiattest må framleggast
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- For psykologspesialistar/psykologar i faste tilsettingar tilbyr vi f.t ulike rekrutteringstiltak. Dette gjeld mellom anna tiltak knytta mot avlønning. TA gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande samtale, for å høyre kva vi kan tilby
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV
Kontaktinformasjon
Elisabeth Hagstrøm, Seksjonsleiar, +47 71217360, elisabeth.hagstrom@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4087304787
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 06.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.