Undervisningsstilling - inntil 160% – norsk, engelsk, samfunnsfag
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no
Frå 01.08.2024 er det ledig inntil 160% fast stilling. Faga som skal dekkast er norsk, engelsk, samfunnsfag. Det kan bli aktuelt med større stilling ved vikarbehov.
Søkarane treng ikkje å dekke alle faga i utlysinga.
Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga.
Det er aktuelt med undervisning på studiespesialiserande programområde, yrkesfaglege programområde og undervisning på vaksenopplæring (dag og kveld).
Kvalifikasjonskrav
- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i eitt eller fleire av faga, og det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
- Gode norskkunnskaper
Me ynskjer
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
Skulen tilbyr
- Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter tariff
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli
offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Katrin Kine Frostadottir, Avdelingsleiar språk, 91913807, katrin.kine.frostadottir@skole.rogfk.noOle Martin Hillesund, Avdelingsleiar norsk , 92484071, ole.martin.hillesund@skole.rogfk.no
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4783968406
Stillingsprosent: 100, 60%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 31.03.2024