Kommunalsjef helse og omsorg
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate , 6993 Høyanger
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig stilling som kommunalsjef for helse og omsorg. Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe, med kommunedirektøren som næraste leiar, og som i fellesskap har ei viktig rolle i strategisk utvikling av tenestene og lokalsamfunnet.
Vi ønsker oss ein sjølvstendig og utviklingsorientert leiar med god organisasjonsforståing. Som kommunalsjef er det viktig at vedkommande tar initiativ og driv utviklingsarbeid.
Det er viktig å være innovativ og løysingsorientert i utvikling av kommunen sin organisasjon og tenester. Kommunalsjefen skal og utvikle eiga leiargruppe og bidra aktivt inn i politiske utval og kommunestyret. Ein leiar som har evne til å sjå kommunen heilskapleg, og som kan arbeide godt i samspel med administrasjon og politisk leiing.
Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, og som er tydeleg i utøving av leiing.
Du er ein inkluderande leiar, som har erfaring med forbetringsarbeid. Vidare ser du fordelar av å bygge team, jobbe på tvers av tenesteområder og ha eit godt samarbeid med tillitsvalt-apparatet.
Kommunalsjefen skal være med å styrke Høyanger kommune i tråd med kommuneplanens samfunnsdel, øvrige planer, strategier og måldokumenter.
Ansvarsområde:
Helse og omsorgsområdet omfattar følgjande einingar:
- Sjukeheimar
- Open omsorg
- Legeteneste
- Helsestasjon
- Rus og psykisk helse
- Fysio – og ergoterapiteneste
- Eining for personar med nedsett funksjonsevne
- Kjøkken
Kommunalsjef har i tillegg stab med kommuneoverlege og sakshandsaming knytt til Koordinerande Eining og tenestetildeling.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, fag-, budsjett og resultatansvar for tenesteområde Helse og Omsorg
- Følgje opp einingsleiarane i kommunalområdet
- Følgje opp vedtekne planer, budsjettvedtak og nasjonale føringar
- Representere kommunedirektøren i politiske organ
- Pådrivar for innovativ tenesteutvikling innan kommunalområdet
- Utvikle eiga leiargruppe
- Ta initiativ til, leie og følgje opp omstillings – og utviklingsprosessar
- Aktiv deltakar i kommunedirektørens leiargruppe, med bidrag til heilskapeleg styring, koordinering og utvikling av kommunen som organisasjon og tenesteytar
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå, fortrinnsvis med tilleggsutdanning i leiing og/eller økonomi
- Ønskelege med erfaring frå leiing på høgare nivå i kommunal sektor, gjerne frå helse- og omsorgstenestene
- Kompetanse om samspel politikk-administrasjon
- Tydeleg og effektiv kommunikasjon både i det offentlege rom og internt i organisasjonen
- Erfaring med personal-, budsjett- og økonomioppfølging
Eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner og evne til å tenkje heilskapleg
- Du er ein sjølvstendig og utviklingsorientert leiar med god organisasjonsforståing og gjennomføringsevne
- Evne til å handtere komplekse og tverrfaglege oppgåver i en strategisk kontekst, også under press
- Inkluderande og involverande leiar med interesse for velferdsteknologi
- Evne til å motivere, delegere og rettleie og vere ein aktiv pådrivar i å utvikle organisasjonen videre
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Vi kan tilby:
- Ei strategisk leiarstilling i ein kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.
- En spennande arbeidsplass med komplekse, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig lønn, arbeidsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2724481
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3393431_140387_nn