St. nr. 10/2024 Høgskulelektor i musikk
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, avdeling for kulturfag, Institutt for musikk er det ledig 100% vikariat som høgskulelektor i musikk 1.8.2024 - 31.7.2025.
Institutt for musikk tilbyr årsstudium og bachelorstudium i musikk og musikkfaglege emne i barnehagelærarutdanning og i praktisk-pedagogisk utdanning. Vi søkjer ein dyktig og framtidsretta musikkpedagog med gode samarbeidsevne til arbeidsoppgåver innan desse områda.
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er undervisning, rettleiing, vurdering, fagadministrativt arbeid og formidling innan fagfelta til instituttet.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha:
• Undervisnings- og rettleiingserfaring med musikkfaget og musikkdidaktikk i høgare utdanning
• Mastergrad i musikk og praktisk-pedagogisk utdanning med musikk fagdidaktikk
• Kompetanse innan komposisjon/arrangering, utøving og samspel, musikkteknologi og -produksjon og digitale arbeidsmåtar i musikkundervisning
Det blir i tillegg lagt vekt på:
• Arbeidserfaring med musikkfag i skule og/eller kulturskule
• Fleksibilitet og interesse for tverrfagleg arbeid
• Erfaring med forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid med relevans for musikk i skule og kulturskule
For at vi skal til ei kvar tid vere i stand til å løyse undervisningsoppgåvene på instituttet best mogleg, kan ansvars- og arbeidsoppgåvene i stillinga bli endra/justerte i samsvar med nye eller endra behov.
Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.
Personlege eigenskapar
Vi føreset gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, for å sikre best mogleg studiekvalitet. Difor legg vi stor vekt på fleksibilitet og engasjement, og evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spennande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda. Høgskulelektor 1008 frå kr 584 500 – 749 049.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte Instituttleiar Svein Hunnes e-post: svein.hunnes@hivolda.no
Om avdelinga
Avdeling for kulturfag (AKF) har om lag 46 tilsette, av dei 40 i fagstilling, og tilbyr forskingsbaserte studium i mellom anna design, kunst og handverk, friluftsliv og naturguide, idrett og kroppsøving, musikk og teater og drama. Dei praktiske og estetiske faga blir også tilbydd for lærarstudentar i Grunnskulelærarutdanninga, Barnehagelærarutdanning og Praktisk-pedagogisk utdanning. AKF er vertskap for Seanse – senter for kunstproduksjon, som mellom anna tilbyr kunstnaropphald på campus, med det formål å sikre betre kunstproduksjonar for og med barn og unge gjennom Den kulturelle skolesekken. Avdelinga har akkurat fått akkreditert Master i natur, kultur og sosial berekraft.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.