Pedagogisk leiar ved Ombo oppvekstsenter, 2.gongs utlysing
Org. nr: - Stillingsident: 4220730204 Presentasjon av stillingen:
H ar du lyst til å arbeide som pedagogisk leiar på eit oppvekstsenter til hausten?
Er du utdanna barnehagelærar og ynskjer å vere med og forme framtida, samstundes som du skal vere den varme og tydelege vaksne som møter barna våre kvar dag?
Då bør du søkje stillinga som pedagogisk leiar ved Ombo oppvekstsenter.
Vi er ein avdelingsbarnehage som høyrer til Oppvekstbarnehagane, virksomhet 21 i Stavanger kommune.
Avdelinga har for tida 9 barn og ligg plassert på Ombo oppvekstsenter på Ombo. Vi har landlege omgjevnadar i flott natur som gir store muligheter for bruk i det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
Barnehagen er ein del av Ombo oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg. Oppvekstsenteret vart bygd i 2000 og pr i dag er vi 11 tilsette i barnehage og skule. Samarbeid barnehage og skule er prioritert.
Oppvekstsenteret nyttar nynorsk som hovudmål
Ombo er den største øya i kommunen og er vakker og unik med fantastiske muligheter til tur- og friluftsliv både på fjorden og i heia. Du må ta båt for å kome til Ombo, anten med hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg eller med ferje frå Judaberg. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg.
Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gåavstand frå ferje- og hurtigbåtkai.
Arbeidsoppgaver
Planlegge, organisere og gjennomføre det pedagogiske innhaldet i barnehagen og på avdelinga i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy.
Fordele og følge opp ansvar og arbeidsoppgåver på avdelinga.
Bidra til utvikling og kompetanseheving.
Samarbeide med foreldre, tilsette, andre samarbeidspartnarar og leiing.
Kvalifikasjoner
Utdanna barnehagelærar
Kunne leie, inspirere og veilede medarbeidarar til å gjere ein god jobb
Beherske norsk skriftleg og munnleg
Gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.
Kjennskap til digitale verktøy er ein fordel
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Personlige egenskaper
Profesjonell, fagleg og målbevisst.
Fleksibel og på jakt etter gode løysingar
Engasjert med gode samarbeidsevner
Evne til å kommunisere med ulike menneske
Ser det beste i barn og vaksne
Ein varm, og grensesetjande vaksen med godt humør
Likar travle og hektiske dagar
Vil bidra til å skape ein triveleg arbeidsplass
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø
Barnehage tett på natur og med god plass
Rettleing og fagleg utvikling
Stillingskode: 763700, løn etter ansiennitet
Kontaktinformasjon
Ingebjørg B. Vignes, Assisterande rektor/ avdelingsleiar, 92016662
Arbeidssted
Eidevegen 2-4
4187 Ombo
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger kommune
Referansenr.:4220730204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2020
Om bedriften
Stavanger skal være en god kommune å bo i for alle. Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for byen vår og menneskene som bor her. Med 11 000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Sammen jobber vi for en levende kommune.