Bibliotekar/spesialkonsulent
Haramsbiblioteka
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Bibliotekar/spesialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Bibliotekar/spesialkonsulent
Bibliotekar/spesialkonsulent, Haramsbiblioteka
Bibliotekar/spesialkonsulent heiltid, Brattvåg bibliotek og Vatne bibliotek og tidvis andre bibliotek som høyrer til Haram i 2024.
Haram kommune - Vil du vere med å bygge ein ny kommune?
Vi søker etter deg som ønskjer å gå inn i ei spennande stilling som bibliotekar/spesialkonsulent i Haram kommune.
Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune. Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode og jobbe på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsstad vil vere biblioteka i Haram, og oppstart blir så snart som mogleg..
Som tilsett på biblioteka ligg du organisert i fagområde Bibliotek, i kommunedirektøren sin
stab. Fagområde blir leia av bibliotekleiaren.
Haramsbiblioteka består av fem folke- og kombinasjonsbibliotek med lokasjoner på Haramsøy, Longva, Lepsøy, Brattvåg og Vatne. Biblioteka har som si samfunnsoppgåve å vere ein uavhengig møteplass som er ope for alle. Alle biblioteka skal ha fokus på blant anna aktiv formidling av bøker og medier. Den reviderte nasjonale bibliotekstrategien nemner også viktigheita av å betre tilgongen på eit godt digitalt tenestetilbod på biblioteka i Noreg.
Arbeidsoppgåver
- Inngå i vaktordning på dei ulike biblioteka
- Bidra til å utvikle biblioteka i kommuna
- Drive aktivt med formidling og marknadsføring av bibliotekas tenester i ulike kanalar
- Utvikle biblioteket som møtestad, debatt- og kulturarena gjennom ulike arrangement
- Bidra til samlingsutvikling og bokinnkjøp
- Andre bibliotekoppgåver knytta til dagleg drift
Arbeidstakar må også påberegne seg ettermiddags-/kveldsarbeid enkelte arbeidsdagar i veka og inntil to laurdagar i månaden. Arbeidsstad blir i hovudsak Brattvåg bibliotek og Vatne bibliotek.
Kvalifikasjonar
- Tre-årig høgskuleutdanning eller meir innan bibliotekfag. Eventuelt anna relevant utdanning og erfaring fra bibliotek kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode IT-kunnskapar
- Interesse for litteratur
- Ønskeleg med erfaring frå kundebehandling
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ønskeleg med førarkort klasse B
Personleg eigenskap blir vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Serviceinnstilt og ryddig
- Ansvarsfull
- Sjølvstendig, men jobbar godt saman med andre
- Fleksibel
- Kreativ
Det er ønskeleg at søkar har erfaring frå bibliotek.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Variert arbeidskvardag
- Løn- og arbeidsvilkår etter hovudtariffavtalen
Kontaktinformasjon
Petter Sortevik, Stabssjef, +47 954 79 474, petter.sortevik@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4713907862
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2023
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 blir Haram eigen kommune frå 1. januar 2024 med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund. Kommunen vil ha om lag 9300 innbyggjarar. Haram var før samanslåinga ein av fylket sine viktigaste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen var i industrien ved samanslåinga i 2020. I tillegg til industrien, har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Haram er og ei stor fiskerikommune.
Kommunen har eit rikt idretts – og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Brattvåg er kommunesenter, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2471603
- Sist endret
13. november 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
084841ca927a4076a0a452adaab91351