Autorisert rekneskapsførar/økonomikonsulent
På grunn av naturlig avgang søker vi nå etter ein ny dyktige medarbeidarar som har interesse for økonomi og rekneskapsfaget, og har lyst til å utvikle seg vidare fagleg for å bli ein god rådgjevar for våre kundar. Du vil få ansvaret for eiga kundeportefølje. Vi vil sette pris på at du evnar å sette deg inn i og forstå kundens forretning, og på denne måten kunne rådgje kunden på en god måte.
Vi treng ein som :
-
Gjerne er autorisert rekneskapsførar, eller ynskjer å bli. Erfaring kan kompensere for autorisasjon.
-
Liker å samarbeide med kollegaer og er serviceinnstilt mot kundar.
-
Ynskjer å vere kundens føretrekte diskusjonspartnar når det kjem til økonomi og forretningsstyring.
-
Interesse i fagleg og systemteknisk utvikling/gode IT-kunnskap
-
Interesse for automatisering
-
Tal- og rekneskapsforståing
Vi tilbyr:
-
Interessante og utfordrande oppgåver tilpassa kompetanse
-
Fleksibel arbeidstid
-
Fagleg oppdatering
-
Løn etter avtale og gode vilkår med forsikring og pensjon (OTP og AFP)
-
Moglegheit for fast tilsetjing
Om bedriften
Hornindal Rekneskap SA er eit rekneskapskontor lokalisert på Grodås med 5 tilsette. Vår kundemasse består av små og mellomstore bedrifter med stor variasjon i bransjar. Vi skal vere best på automatisering, økonomisk rådgjeving og fornøgde kundar.