Fagarbeider motor el. elektriker Tilsynslag Nordland
Org. nr: 986 141 936 Stillingsident: 4109873227 Presentasjon av stillingen:
Allsidig fagarbeider med elektrikerfagbrev og båtførerkunnskap på Tilsynslag Nordland - Kystverket Rederi
Arbeidsoppgåver
Kystverket søkjer etter fagarbeidar til allsidige og sjølvstendige oppdrag innan vedlikehald, drift, nybygg og tilsyn på fyrstasjonar og navigasjonsinnstallasjonar.
Arbeidsområdet til tilsynslaget i Nordland strekk seg langs heile kysten av Nordland. Tilsynslaget er til vanleg 2-3 fagarbeidarar samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift. Hovudoppmøtestader for arbeidslaga er for tida Kabelvåg/Sandnessjøen og i periodar direkte på oppdragsstad.
Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i arbeidsbåt eller bil. Ein må pårekne å vere heiman frå heile arbeidsperioden.Tilsynslag har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale, med om lag 28 veker arbeid/kurs i året. Det er sett opp årleg plan på arbeids- og friperioder.
Arbeidsoppgåvene består av:
Sjølvstendig arbeid som fagarbeider på navigasjonsinnstallasjonar.
Allsidige oppgåver som ein del av tilsynslaget sitt arbeidslag innan ulike fagområder.
Alle på laget må kunne ta del i båtkøyring og navigering
Løpande drift og vedlikehald av arbeidsbåt og utstyr
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi søker motorkyndig personell med fagbrev innen et motorfag eller en elektriker med motorkompetanse.
Erfaring og/eller utdanning frå andre handverksfag er ynskjeleg og vert prioritert, t.d. maskin, snekkar, rørleggar eller tilsvarande.
Heile arbeidslaget må i tillegg vere gode båtførarar og kunne navigere i mørket. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som fritidsbåtskipper D5L eller høgare, samt ROC- og sikkerhetskurs.
Beherske bruk av IT-verktøy og dokumentasjon av eige arbeid.
Det krevjast god fysikk og helse. Må kunne arbeide og klatre sikkert i høgda. Søkjar må tilfredsstille krav for helsesattest for sjøfolk.
Personlege eigenskapar
Allsidig og sjølvstendig fagarbeider
Løysingsorientert og samarbeidsvilleg
Gode haldningar til faglege standardar, HMS og etiske retningslinjer.
Sosial og omgjengeleg, positiv bidragsyter i arbeidsmiljøet
Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
Fagarbeidar er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar. Grunnløn ltr. 44-50, årslønn kr 408 600 - kr. 442 400. Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar og friperiodar.
Kostgodtgjersle vert utbetalt pr arbeidsdag med kr. 380,- etter særavtale.
Tillegg etter Hovedtariffavtalen utgjer ca kr 14.000,- pr. år.
Refusjon av reisekostnader til/frå oppmøtestad ved arbeidsperioder.
Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
Særaldersgrense på 65 år.
Ein må pårekne å delta på fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten.
Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle
kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som
handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd
ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil
ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om
innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.
Kontaktinformasjon
Jannicke Aarø, Seniorrådgiver, jannicke.aaro@kystverket.no
Arbeidsstad
8900 Kabelvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4109873227
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 31.08.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining. Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.