ID 1795 Utekontakt - Førebyggjande tenester
Utekontakten er ei teneste for ungdom, og unge vaksne, mellom 13 og 23 år i Stord kommune. Utekontakten har eit førebyggjande fokus, og ser ungdommen i eit heilskapleg perspektiv.
Stillinga sine ansvars- og arbeidsoppgåver
- Førebyggande arbeid i form av informasjonsarbeid i skulane, oppsøkjande
- verksemd ute blant ungdommane.
- Arbeid med med ungdomsgrupper etter ulike modellar og ulike
- utfordringsbilete
- Direkte arbeid med ungdommar med ulike tema som til dømes
- rusutfordringar, psykisk helse og arbeid med å forhindra fråfall i skulen
Me ynskjer ein person som har:
- 3-årig sosialfagleg eller helsefagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande
- vidareutdanning innan rus/førebyggande arbeid og/eller med relevant
- erfaring frå arbeid med ungdommar 13-23 år
- Gode samarbeidsevner
- Ei god evne til å skapa kontakt med ungdommar, har fokus på relasjonar
- og tilgjenge
- Fleksibel både i høve arbeidstid og oppgåver
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
- Førarkort klasse B
- Arbeidstakar må ha godkjent politiattest
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.