Sosionom til Kompleks Rehabilitering Sandviken
Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken-KRS, Helse Bergen
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom, Kompleks Rehabilitering Sandviken- 100% vikariat i 1 år
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS), har ledig vikariat i 100% stilling for sosionom. Vikariatet er i 1 år med mogleg forlenging og fast stilling.
Psykiatrisk klinikk oppretta i 2018 ein ny seksjon i Avdeling spesialisert psykosebehandling for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar – seksjon Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS).
Den nye seksjonen har 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa gir tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkjande instansar og dei kommunale tenestene.
Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,
hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Sosionomen tar del i det tverrfaglege behandlingsteamet og skal medverke med
sosialfagleg kompetanse i utforminga av det heilskaplege behandlingstilbodet
for den enkelte pasient og i møte med deira pårørande.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, vurdering og oppbygging av tiltak for å styrkje og utnytte den enkelte pasient sine ressursar
- Hovudarbeidsfelt er direkte pasientsamarbeid, herunder rådgiving og hjelp i forhold til økonomi og bustad, samt arbeid med pårørande, konsulentfunksjon innan eige team og koordinator/konsulentfunksjon mot andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar om velferds- og hjelpesystem
- Erfaring frå samarbeid med eksterne instansar
- Ønskeleg med brei erfaring får det sosialfaglege feltet
- Sosionom eller sosionom med vidareutdanning innan psykisk helse og rus
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst/sjølvstendig
- Strukturert
- Pasientorientert
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.noSilje Madeleine Mihle Hop, Assisterande seksjonsleiar, 55958878, bjsilj@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4790263841
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.04.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2605979
- Sist endret
17. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8652dfe396e14cf59550a987d44c8d3e