Ferievikarar i kommunalteknikk og eigedomsavdelinga 2025
Kommunalteknikk, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i kommunalteknikk og eigedomsavdelinga 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Det vert lagt opp til 100% stilling med 37,5 timar pr. veke i sommarmånadane. Stillingane er ledig i tidsrommet juni, juli og august 2025. Du må skrive i søknaden kva tidsrom du kan jobbe.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil i all hovudsak dreie seg om vedlikehald av grøntarealet ved dei ulike skulane, barnehagane, bukollektiva idrettsanlegg og parkanlegga som kommunen har ansvar for.I tillegg kan andre arbeidsoppgåver, som t.d. enkle vaktmeisteroppgåver som utvendig målararbeid, bosstømming i Sandane sentrum m.m, bli lagt til denne stillinga,
Kvalifikasjonar
Vi krev ikkje formell utdanning i denne stillinga, men for å kunne søkje på stillinga må du ha førarkort for personbil. Vi søkjer etter to positive, arbeidsvillige og ansvarsbevisste medarbeidarar.Personlege eigenskapar
Om du er ein positiv person med godt humør og god arbeidslyst og likar å arbeide ute, ja då må du søkje på denne sommarjobben.Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team og ta ansvar for jobben du vert tilsett i. Det er også viktig at du tek godt vare på utstyret som du skal nytte i arbeidet.
Vi tilbyr
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Kontaktinformasjon
Kjell Petter Solhaug, Tenesteleiar kommunalteknikk, 995 17 295Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4922127960
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hans Petter Almenning Eldevik
Tenesteleiar eigedomsavdelinga
+47 90791986
Kjell Petter Solhaug
Tenesteleiar kommunalteknikk
995 17 295
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864280
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45d64f6fd6ed426a91448a695ab88778