Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
Amb.stasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Torvmyrane 11, 6160 Hovdebygda
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon Volda har ledig ei 100% fast stilling for ambulansearbeidar/ paramedisiner med oppstart etter avtale!
Helse Møre og Romsdal HF, Seksjon Volda består i dag av 2 ambulansar med døgnkontinuerlig drift. Ambulansestasjonen vår er topp moderne, og er samlokalisert med politi og legevakt. Vi har 16 fulltidstilsette, og lærling. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Seksjon Volda søker etter deg som er ein fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar. Du må vere sjølvstendig i tillegg til å ha gode samarbeidsevner, og gode mellommenneskelige eigenskapar.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Samhandle med interne og eksterne aktører i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag fra AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som Paramedisiner/ Ambulansearbeidar
- Inneha farmakologistudie tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160
- Gyldig Politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetting
- Vere psykisk og fysisk egna for stillinga
- Kandidaten må bestå fysisk test før tilsetting
- Førerkort klasse C1, eller villig til å tilegne seg dette før tilsetting
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
- Vere villig til å videreutdanne seg til Paramedisiner etter ei evt. tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
- Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
- Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
- Du har gode datakunnskapar
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Linda Håskjold, Seksjonsleiar, Linda.Jeanette.Haskjold@helse-mr.noArbeidsstad
Torvmyrane 116160 Hovdebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4813979798
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2653771
- Hentet fra
talentech
- Referanse
84b96baa6c374215acb7176ff51abd54