Ynskjer du å arbeida som fagarbeidar?
Voss herad Kløve barnehage
Raundalsvegen 360, 5706 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
2 x 100 % fast stilling som fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. januar
Det er ledig to fast stilling som fagarbeidar i 100 % stilling i Kløve barnehage. Tilsetting frå d.d eller så snart som mogeleg.
Om arbeidsstaden:Kløve barnehage, ligg i landlege omgjevnader på Kløve, om lag 9 km frå Voss sentrum. Barnehagen er ein ein-avdelings barnehage med 25 barn. Barnehagen har store og gode rom med eigen gymsal og fine uteområde, og har lavvo i nærleiken av barnehagen.
Me tilbyr:- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget ved 100 % stilling
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- ein arbeidsplass med mykje humor og glede
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Andre søkjarar kan verte vurdert.
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå barnehage.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:
- Delta i dagleg arbeid på avdelinga i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelinga. Her vil du få moglegheit til å ha spennande ansvar for pedagogisk innhald opp mot ulike barnegrupper, samt påverke innhaldet i barnehagekvardagen.
- Få ansvar til å følgja opp enkeltbarn.
- Tydleg og engasjert vaksenperson.
- Ein trygg og varm rollemodell.
- Ein god relasjonsskapar til barn, foreldre og tilsette.
- Eit godt humør og byr på seg sjølv.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Sjølvstendig og tek ansvar.
- Beherske norsk.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811480
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3440685_212659_nn