Kommunalsjef organisasjon og utvikling
Vi har no ledig stilling som kommunalsjef organisasjon og utvikling. Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Overordna ansvar for interkommunalt og tverrsektorielt utviklingsarbeid, digitalisering, kvalitetssikring og innkjøp
- Personalansvar for leiarane i stabseiningane
- Samordning av stab, og utvikling av stabseiningane sin støttefunksjon i organisasjonen
- Ansvar for koordinering av kommuneplanarbeidet
- Stedfortredar for rådmannen
Vi ønskjer at du har:
- Høgare utdanning, gjerne med tilleggsutdanning innan leiing
- God kunnskap om samspelet mellom politikk, fag og administrasjon
- Erfaring frå organisasjonsutvikling og utviklingsarbeid
Vi vil at du skal vere:
- Lagspelar som samhandlar godt med heile kommuneorganisasjonen
- Utvikling- og løysingsorientert
- Tydeleg , trygg og samlande
- Analytisk og langsiktig - i kombinasjon med sterk gjennomføringskraft
Hos oss får du:
- Utfordrande, varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein kommune i sterk utvikling og med stort samfunnsansvar
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer med høg kompetanse
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
++Plassering i organisasjon:++
Kommunalsjef organisasjon og utvikling rapporterer direkte til rådmannen og er ein del av rådmannen si øvste leiargruppe.
Kontaktpersonar: rådmann Verner Larsen, tlf. 982 30 601, personalleiar Kari Riise, tlf. 99268701
Vi ber om at søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema. Stillings ID: 375
Søknadsfrist: 30.04.2019