Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år
Omsorg og sjukeheim
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar trivselsmedarbeidar Omsorg og sjukeheim
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Vi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb. Tenesteområde Omsorg og sjukeheim har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord, i tillegg til bufellesskapa ved Vartdal og Hjørundfjord.
Å jobbe som trivselsmedarbeider kan føre til at du kan få meir jobb hjå oss etterkvart.
Skriv litt om deg sjølv, når du kan jobbe og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Dekke bord og førebu måltida
- Hjelpe til å servere ved måltida - rydde opp etter måltida.
- Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
- Delta på ulike aktivitetar sama med bebuarar og tilsette slik at vi kan gi ein aktiv og meiningsfylt kvardag
- Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på senger og enkle reinhaldsoppgåver
Som trivselsmedarbeidar skal du ikkje delta i oppgåver som stell, toalettbesøk og mating
Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus der det er høve til å arbeide dag/kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (ein kan søkje same året som ein fyller 15 år)Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Møte presis
- Ha gode samarbeidevner og gode haldningar
- Vere god til å kommunisere med andre
- Trivast saman med eldre
- Vere engasjert , ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Ørsta kommune sine verdiar; TILLIT - ENERGI - LØYSINGSVILJE - UTVIKLING.
Vi tilbyr
Som fereivikar hjå oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye mennesker og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noNina Måseidvåg, Avd.leiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Ingrid Mork, Avd.leiar Solkroken, 479 06 593, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Lisa Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 48132814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4788342070
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608490
- Sist endret
2. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
38f0dab471a44969a8c043ffbf3f877b