Miljøarbeidar NAV Suldal
Suldal kommune NAV
Verven 1, 4230 Sand
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. november
Brenn du for at alle skal få moglegheit til å bidra i arbeidslivet? Trivest du med å finna gode løysingar i samhandling med menneske som er i ein krevjande situasjon? Då kan du væra den kollegaen me treng.
Ved NAV Suldal er me 7 engasjerte tilsette, som har det kjekt ilag og brenn for det me held på med. Vil du bli med på laget?
Storleik på stillinga: 100%Stillingstype: mellombelsVarigheit: 01.01.24- 30.04.25Storleik på stillinga: 50%Stillingstype: mellombelsVarigheit: 01.05.25- 31.12.25Arbeids- og ansvarsområde- oppsøkande kontakt mot arbeidsgjevar
- opplæring i CV og jobbsøknad
- Rettleiing mot arbeid og aktivitet
- tett samarbeid med andre einingar
- sakshandsaming av søknader knytt til Lov om sosiale tenester
- NAV er i stadig utvikling og endring, andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelle.
- 3 årig høgskule utdanning. Utdanning innan sosialt arbeid vil bli føretrekt.
- God digital kompetanse, inkludert Office 365.
- Erfaring frå liknande oppgåver i NAV kontor.
- God kjennskap til lokalt arbeidsmarknad
- Gode språkkunnskapar – norsk og engelsk, munnleg og skriftleg (B2)
- Erfaring frå sakshandsaming og lovbruk
- Positiv og løysingsorientert, sjølv i krevjande situasjonar.
- Evne til å mobilisera ressursar hos brukarar.
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
- Evne til å jobba målretta, effektivt og strukturert både individuelt og i team.
- Lære- og endringsvillig
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Gode moglegheiter til fagleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftshelseteneste.
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
- Originalvitnemål skal verta tatt med på intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25.
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan søkja med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn.
- Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Kontaktperson: leiar NAV Sauda/ Suldal, Anne Birkeland, telefon 92251603. Mail anne.birkeland@nav.no
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste tenester innan arbeid og velferd.
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 tilsette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2782088
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3423325_203785_nn