Vil du gjere ein skilnad?
Ål kommune Ål introsenter
Myren 40,, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Flyktningkonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. desember
Ål introsenter har ledig ei 100% stilling som flyktningkonsulent. Stillinga er mellombels, med foreløpig tilsetting fram til 30.6.25. Oppstart etter avtale.
Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?
Då kan dette vere jobben for deg. Vi søker ein trygg og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.
Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver:
- Tett oppfølging og rettleiing av flyktningar etter busetting, blant anna knytt til kvardagsliv i eit nytt land og hjelp med praktiske oppgåver.
- Planlegging og gjennomføring av introduksjonsprogram, blant anna temaundervisning.
- Oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
- Oppfølging av språkpraksisplassar.
- Samarbeid med andre tenester i kommunen.
- Andre aktuelle oppgåver.
Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.
Kvalifikasjonar:- Relevant utdanning.
- Erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning.
- God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv.
- Bør ha førarkort og disponere bil.
- Har engasjement for faget og brukargruppa.
- Er positiv, fleksibel og løysningsorientert.
- Kan jobbe sjølvstendig.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt.
- Kan sette grenser i krevjande situasjonar.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Me kan tilby:- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2798482
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3432277_219535_nn