Sjukepleiar, 80 % fast
Org. nr: - Stillingsident: 4428129017 Presentasjon av stillingen:
Ved Barstadtun omsorgsbustadar vert det ledig ei fast 80 % stilling for sjukepleiar frå 1.november. Barstadtun er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 25 hyblar/leiligheiter fordelt på tre bugrupper. Denne stillinga har primært vakter ved Solkroken som er eit bukollektiv tilrettelagt for personar med kognitiv svikt. Stillinga har todelt turnus med arbeid på dag, kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
- Delta i heilheitleg pleie og oppfølging av bebuarane.
- Ansvar for at bebuarane har ajourført tiltaksplan i Gerica.
- Ansvar for at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med fastlege og andre samarbeidspartar.
- Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
- Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
- Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Tilsvarande norsktest nivå B2 for søkjarar som ikkje har skandinavisk morsmål)
- Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose før oppstart i stillinga
Personlege eigenskapar
- Relevant erfaring og personleg eignaheit vil verte vektlagt i tilsetjinga
- Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
- Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
- Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
- Du er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- Du er fleksibel og liker utfordringar
Vi tilbyr
- Stillingskode 717400 sjukepleiar
- Tilgong på elæringskurs frå Visma/ Veilederen og NHI
- Gode moglegheiter for kompetanseheving
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Eit triveleg arbeidsmiljø saman med ein fin og inkluderande gjeng!
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, 95770524, Astrid.dimmen@volda.kommune.no
Anita Kristiansen, Seksjonsleiar Barstadtun, 94142515, anita.kristiansen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 4
6102 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4428129017
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2021
Søknadsfrist: 19.09.2021
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!