Faste helgestillingar
Bømlo heimeteneste
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest i dag
Bømlo heimeteneste har ledige helgestillingar. Me søkjer etter assistent, helsefagarbeidar og sjukepleiar for følgjande stillingar:
- Helgestilling med arbeid kvar 3. helg.
- Helgestilling med arbeid kvar 4. helg.
- Langvakter eller helgestilling etter nærare avtale/"ønsketurnus".
Oppstart etter avtale.
Tenesta vår organiserer tilbod om heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, velferdsteknologi bl. a. tryggleiksalarmar og elektroniske medisindispenserar, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse.
Mål for heimetenesten er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver og meir om oss
Heimetenesten er inndelt i tre geografiske soner, sone sør, sone aust og sone sentrum. Me jobbar i team med stor grad av sjølvstendighet og med pasientsikkerhet i fokus. Kvardagen er variert, og me samarbeider tett med ulike fagmiljøer internt i kommunen som fastlegane, korttidsavdelingen, tenestekontoret, ergo/fysio, psykisk helse og fleire område i spesialisthelsetenesten. Me brukar digitale løysingar som mobil omsorg/profil og har eit auka fokus på implementering av velferdsteknologiske løysingar.
Hos oss vil arbeide med:
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Helgestilling er aktuell for sjukepleiar, helsefagarbeidar eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning vert og oppfordra til å søkje. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Førarkort.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du må trivast med variert arbeid, lika ein viss grad for uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo.
- Kunna bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Helgestilling etter nærare avtale/"ønsketurnus".
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Hilde, May Linn, Elin eller Inger Lise.
Kontaktinformasjon
Inger Lise Agasøster, Avdelingsleiar, 907 59 539May Linn Bortne, Avdelingsleiar, 91763643, may.linn.bortne@bomlo.kommune.no
Elin Akse Vik, Avdelingsleiar, 412 48 119, may.linn.bortne@bomlo.kommune.no
Hilde Markhus, Verksemdsleiar, 909 49 278
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4906258463
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Markhus
Verksemdsleiar
909 49 278
Inger Lise Agasøster
Avdelingsleiar
907 59 539
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2835687
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a1fd011c2a047ef990ef57e8bf17c09