Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Barneavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. juni
Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.09.2024, med moglegheit for tidligare oppstart.
Vi har for tida 9 overlegestillingar og 8 legar i spesialisering. LIS går 8-delt vakt.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
- Delta i utgreiing og behandling
- Deltaking i undervisning
- LIS-legane går i 8-delt tenesteplan, med aktive vakter
Kvalifikasjonar
- Søkaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
- Norsk autorisasjon
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert
- har gode kommunikasjonsevner
- er fleksibel
- trivst med teamarbeid
- er sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Eit godt kollegialt miljø
- Høgt fagleg nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barnArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4814297399
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2024
Kontaktperson for stillingen
Anne Margrethe Øritzland
Avdelingsleiar - barn
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2652322
- Sist endret
16. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7908597bd5084845b5e3528a0f31e0bb