Tenesteleiar/rektor
Er du interessert i ei spennande og utfordrande leiarstilling?
Frå sommaren 2023 vart flyktningtenesta og vaksenopplæringa i Ørsta kommune slått saman i ei ny teneste, Vaksenopplæring og integrering. I 2024 har vi i overkant av 20 tilsette, herunder lærarar, programrådgivarar, flyktningkoordinator og miljøarbeidarar. Leiinga består i dag av tenesteleiar, assisterande rektor i vaksenopplæringa og fagleiar i flyktningtenesta. Vi har frå 01.08.2024 ledig stilling som tenesteleiar i vaksenopplæring og integrering.
Arbeidsoppgåver
Tenesteleiar er rektor med særskilt fagansvar for vaksenopplæringa ved Ørsta opplæringssenter. Her tilbyr vi opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar etter integreringslova, og grunnskuleopplæring for vaksne etter integreringslova og opplæringslova. Frå august 2024 førebuande opplæring for vaksne (FOV). Ved Ørsta opplæringssenter er det våren 2024 omlag 120 vaksne deltakarar.
Tenesteleiar har eit overordna oppfølgings- og fagansvar for flyktningtenesta i kommunen, som arbeider heilheitleg med flyktningar i høve busetting, integrering og oppfølging, samt introduksjonsprogrammet for vaksne flyktningar mellom 18-55 år. Ørsta kommune har i perioden 2022-2023 busett omlag 180 flyktningar, og har vedtak om å busette 90 flyktningar i 2024.
Å legge til rette for gode samarbeidsrutiner både internt i tenesteområdet og med dei andre kommunale tenestene som helse, skule, barnehage og NAV er ei kjerneoppgåve.
Sentrale arbeidsoppgåver
Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagområde i si eining slik som mellom anna:
- Leiing og administrasjon
- Rapportering og strategisk utvikling
- Planlegging og koordinering av dagleg drift
- Personalansvar med oppfølging av tilsette, organisering og fagleg oppfølging.
- Rektoransvar, herunder leiing av det pedagogiske utviklingsarbeidet ved opplæringssenteret
- Administrative oppgåver knytt til deltakarane i vaksenopplæringa
- Møte og samarbeid i ulike fora som tenesteleiar - både internt, i kommunen, på regionalt- og fylkesnivå
- Halde seg oppdatert på relevante lovverk og styringsdokument, og syte for at desse vert implementerte og følgde
- Administrator for administrasjonssystemet Visma flyktning og vaksenopplæring (FLYVO)
I tillegg til Visma FLYVO nyttar vi blant anna Visma Enterprise, websak+ og Office 365.
Ørsta kommune vil i tida som kjem arbeide aktivt med å skape ein heiltidskultur i organisasjonen. Som leiar vil du verte ein viktig medspelar i dette arbeidet. Du vil også ta del i kommunen og Sjustjerna sine leiarutviklingsprosessar, og få innføring og opplæring i medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Meistringsorientert leiing og kompetansemobilisering er også stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.
Kvalifikasjonar
- Den som vert tilsett må ha godkjend skulefagleg pedagogisk utdanning
- Vi vil vektlegge at tenesteleiar har kompetanse og erfaring innanfor fagfeltet opplæring etter integreringslova og/eller grunnskuleopplæring for vaksne
- Erfaring med eller kompetanse innan flyktningarbeid er ynskjeleg
- Erfaring og formell leiarutdanning er ein fordel - ved manglande formell leiarutdanning vert det stilt krav om vidareutdanning i leiing ved tilsetting
- Gode digitale ferdigheiter
- Den som vert tilsett må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Ørsta kommune nyttar nynorsk skriftspråk
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
- Er kreativ og tek initiativ til pedagogisk utviklingsarbeid
- Er engasjert og har evne til å inspirere andre
- Har føresetnader for å bidra til god ressurs- og økonomistyring
- Kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evnar å byggje gode relasjonar til både deltakarar og kollegaer
Vi tilbyr
Ei spennande leiarstilling i eit tenesteområde som er i stadig endring, med gode medarbeidarar og kulturelt mangfald.
Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2 Stillingskode 9951 - rektor
Løn etter avtale.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK/ KLP
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.
Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Tenesteleiar må vere budd på at arbeidsoppgåvene kan endre seg som følgje av organisatoriske endringar.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4777895143
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap